Om Moengården

Moengården Aust
Første del av kjøpesenteret Moengården vart bygd i 1986/1987. I september 1987 opna Moengården Aust og med det fekk Nordfjordeid og Nordfjord sitt første kjøpesenter. Kjøpesenteret ligg opp til Eidsgata og inngår som naturleg del av handelsmiljøet her.
Bygget har ei grunnflate på 1.000 m² og 2.800 m². I første og andre etasje er det forretningar. I 3. etasje er det kontor.
Moengården Vest
I september 2005 opna Moengården bygg nr. 2 - Moengården Vest. Det nye bygget er på 4.800 m2, alt lokalisert på grunnplan, plassert på oppfylt tomteareal midt i Nordfjordeid sentrum.
Dei to bygga som inngår i Moengården, er det leiande kjøpesenteret i Nordfjord. Tilsaman har bygga eit areal på 7.600 m².
Omlag 25 butikkar er i dag lokalisert i bygga, og inneheld bransjar som det er naturleg å lokalisere i kjøpesenteret.
Nordfjordeid
Regionsenteret Nordfjordeid er inne i ei god utvikling. Detaljhandelstal for 2005/2006 viser at Nordfjordeid er den 3. største handelstaden i Sogn og Fjordane. Moengården ligger strategisk plassert i midtpunktet av handelsregionen Nordfjord, ein region med 33.000 inbyggarar.
Det er 300 gratis parkeringsplassar i nærområdet. Moengården og forretningar i nærområdet (innanfor 150-200 m) står for omlag 70% av handelsomsetninga på Norfjordeid.